UTEANLEGG AS PÅ FIRMATUR

I april 2009 vart da arrangert tidenes firmatur for oss ansatte i Uteanlegg AS. Arne og Erlend hadde slått på stortromma og invitert oss med på snøscootersafari over Finnmarksvidda. Ei natt i Lavvo hos Karen Utsi utanfor Kautokeino, andre overnatting midt på Finnmarksvidda på Nedre Mollisjok med servering, badestamp og fest og moro med samane der. Medan siste natta vart på hotell i Alta før reisa bar heimover. Ei heilt uforgløymeleg oppleving som ein kan leva lenge på!
 
Torsdagen før påske var dagen me hadde sett fram til lenge. Då skulle me reisa til Alta og snøscootersafari. Alta Adventure skulle arrangera turen for oss og stå for opplegget og turen. Me vart møtt på flyplassen av Stig frå Alta Adventure, han skulle bli vår guide på resten av turen og hadde alt i sin hule hånd. Som seg hør og bør så er det jo alltid ein faglig del på ein sådann firmatur, og det var ikkje noko unntak denne gangen. Me køyrte i minibuss rett inn til Alta skifer, der me såg korleis dei arbeidde der. Veldi interresant å sjå korleis dei laga alt ifrå takstein til store bruddheller som vart delt opp i frå større blokker. Etter visitten der bar det rett sørover til eit hotelle i Kautokeino der snøscooterane stod å venta på oss, berre avbrutt av ein liten stopp på ei sølvsmie like utanfor Kautokeino. Me fekk ikledd oss varme scooterkler og satte i gang ferden mot Alta igjen. Første etappe var ikkje lang før me vart mottatt av ei blid gjestfri Karen Utsi. Ho hadde mat og ly for natta til oss. Det var kaldt ute, men bålet inne i lavvoen var det fyr i heile natta, og reinsdyrskinn og gode soveposar gjor sitt til at me ikkje laud nød. Neste dag hadde me ein lang etappe framfor oss, og me våkna opp til strålande vèr og me kunne berre nyta naturen og turen fram til neste stopp på Nedre Mollisjok fjellstove, der det venta middag, husvær, samar, badestamp, trubadur og alt det ein kunne tenkja seg. Det vart ein suveren kveld der, midt på Finnmarksvidda og me sovna fort den natta etter ein lang dag og kveld der.
Opp igjen neste morgon til frukost før siste etappe stod for tur. Me stoppa mangen gongar underveis, og tok bilder og nøyt vèret, stillheten og naturen. Me fekk nydli lunsj den dagen på ei fjellstove ikkje langt frå snøscootersafarien sin endestopp. Reinsdyrsuppe vart servert her, nok ein gong veldi godt.
Tilslutt var 13 mil på snøscooter tilbakelagt og kroppen var meir eller mindre støl etter all køyringa, men for ein tur!! Me sjekka inn på eit hotell i Alta, fekk oss ein dusj og slappa av so best me kunne før det var tid for å innta Han Steike til 3 retters middag med nydli biff til hovedrett!
Etter ei god natts søvn reiste me heimover dagen etter, og kunne sjå tilbake på ein fantastisk firmatur med ein fantastisk gjeng, gode opplevelsar og mykje moro! Kan neste firmatur bli like bra montru? Tusen takk til Stig og Alta Adventure for ein glimrande tur.
 
Eg Norvald

 
 


 

Karen Utsi, ei herleg dama, varta opp med bål og husvære for oss og serverte oss eit herleg måltid med den samiske nasjonalretten Bidos avslutta med ein fantastisk risgrøtdessert.
Torstein slappa av inni lavvoen med ein øl (alkoholfri sjølsagt). Og fekk seg ein venn for livet i løpet av kort tid.
Gutta klar for tur.
Ei liten stopp for å samla flokken.
Brått so møtte me på ein stor flokk med rein på driv. Utruli opplevelse å sjå så mangen hundretals med rein kryssa rett framfor oss.
Ein liten pause i matsankinga for reinen til å beskua den rare anleggsgartnargjengen frå sør-Norge.
Tissepause.
Hilde og Tussi.
Ein liten stopp før me fekk prøva oss litt fram og bli enno bedre kjent med Snøscooteren.
Her e me ankomne hytta me skal overnatta i, ved Nedre Mollisjok fjellsove. Klar for middag, badestamp, fest og moro.
Snøscooterane på rekke og rad utanfor hytta der me skulle sova.
Uteanlegg AS klar for middag. Me fekk servert nydelig reinsdyrkjøtt, med poteter og gullerøtter. Utsøkt.
20 minus uttforbi og 50 pluss oppi badestampen. Forfriskande.
Når me kom oss inn igjen frå badestampen venta da ein trubardur frå Bergen på oss. Her vart da sang og god stemning.
Godt på vei til Alta, siste dag på scooter.
To hundespann på vei mot Kautokeino.
Torstein, Hilde og Norvald på toppen av ein liten knaus.
Hilde i fritt fall. Gærning.
Eg Norvald slappar av på snøscooteren i da nydlige vèret og stillheten midt oppe på Finnmarksvidda.
Torstein og Anders Rød.
Christina frå Ellingard vart med oss på tur. Veldi trivli.
Tomas og Erlend poserer for fotografen.
Big-boss Arne.
Hilde Hildesen syns det var gøyer!
Alle samla utanfor hotellet i Alta, glade og fornøyde etter ein super firmatur.